søndag, september 06, 2009

Eit lite tips

Viss du i dag skulle ha 40 min ledig, vil eg oppmoda deg til å høyra denne talen:


http://lyd.lysetoglivet.dk/filer/audio/praediken/OEA/OEA001/OEA001_10.mp3


Ha ein god søndag!

søndag, mars 15, 2009

Ein smak av vår

Vinteren i Oslo har vore altfor lang.. Eg kan ikkje akkurat seia at eg er ein stor tilhengjar av å trakka i snø i fleire månader.

Difor var det no i kveld ein heilt fantastisk oppleving då eg høyrde fuglekvitring i Oslo by. Endeleg er våren på veg! I den samanheng kjem dei 12 versa av "No livnar det i lundar" frå Sangboken

No livnar det i lundar
No lauvast det i li
Den heile skapning stundar
No fram til sumars tid

Det er vel fagre stunder
Når våren kjem her nord
Og atter som eit under
Nytt liv av daude gror

Guds kyrkje lysa skulle
Som høgt på berg ein stad
Med sumar utan kulde
Og utan solarglad

Guds ord vel alltid lyser
Den sol gjeng aldri ned
Det hus som Anden hyser
Ligg støtt i ljos og fred

Men stundom kom det kulde
På Herrens kyrkjemark
Det var som Gud seg dulde
Og borte var Guds ark

Det var dei mørke dagar
Guds Ord var fåhøyrd segn
Og hjarta frys og klagar
Det saknar sol og regn

Så sende Gud sin Ande
Som dogg på turre jord
Då vakna liv i lande
Då grøddest vent Guds Ord

Då er det sæle tider
For Kristi kyrkjegrunn
Då lauvast det i lier
Då livnar det i lund

Då ljosnar det i landet
Frå fjell og ned til fjord
Då losnar tungebandet
Då kved Guds folk i kor

Då skin det over strender
Som sol ein sumarkveld
Dågløder kring i grender
Ein heilag altareld

Du vår med ljose dagar
Med lengting liv og son
Du spår at Gud oss lagar
Ein betre vår ein gong

Då me med vigsla tunge
Med kjæleik heil og klår
Alt utan brest og sprunge
Skal lova Herren vår!

søndag, februar 15, 2009

Peggy Sue is dead

I mangel på bedre ting å gjera i eksamenslesingsperioden, gjer eg som så mange har gjort før meg - eg svarte på ei rekkje spørsmål med den neste sangen somkom opp i spelelista mi på PCen. Eg har ein mistanke om at den shuffle-funksjonen min ikkje e heilt optimal, sidan eg klarte å få tre songar frå den samme cden på denne lista..

HVIS NOEN SPØR ‘HAR DU DET BRA’, HVA SVARER DU?

When sorrow sang – Blind Guardian

HVORDAN VIL DU BESKRIVE DEG SELV?
Heaven can't wait – Seventh Avenue

HVA SER DU ETTER I EN JENTE/GUTT?
Burning times – Iced Earth

HVORDAN HAR DU DET I DAG?
Domination of sin – Seventh Avenue

HVA ER MENINGEN MED LIVET DITT?
A face in the dark – Barren Cross

HVA ER LIVSMOTTOET DITT?
Ragin fire – Seventh Avenue

HVA TENKER VENNENE DINE OM DEG?
A day late, a dollar short – Hanoi Rocks

HVA TENKER FORELDRENE DINE OM DEG?
Angels – Robbie Williams 

HVA TENKER DU VELDIG OFTE PÅ?
Hutterite Mile – 16 horsepower

HVA ER 2 + 2?
New beginnings - Mortification

HVA MENER DU OM DIN BESTE VENN?
We are the wreckage - Castanets

HVORDAN ER LIVSHISTORIEN DIN?
Slaver av solen - Seigmen

HVA VIL DU BLI NÅR DU BLIR VOKSEN?
Moses in the wilderness – Larry Norman

HVA TENKER DU NÅR DU SER DEN DU ER FORELSKA I?
Kids pushing kids - Danielson

HVA VIL DU DANSE TIL I BRYLLUPET DITT? .--
The reincarnation of Benjamin Breeg – Iron Maiden

HVA VIL DE SPILLE I BEGRAVELSEN DIN?
Quay West – Loch Ness Mouse

HVA ER HOBBYEN/INTERESSEN DIN?
Pitch Black – Royal Anguish

HVA ER DIN STØRSTE FRYKT I LIVET?
No way I'm going down - Whitecross

HVA ER DIN STØRSTE HEMMELIGHET?
Saligheten er oss nær – Oddvar Dahl

HVA VIL DU AKKURAT NÅ?
Let love rule – Lenny Kravitz

HVA VIL DU KALLE DENNE POSTEN?
Peggy Sue is dead – Trashcan Darlings

lørdag, januar 10, 2009

Nyttårsforsett

Då va da nok eit nytt år. I frå i fjor e me eit år nærmare enden. Godt å tenkja på.  Men når ein går øve til eit nytt år er det slik at veldig mange har ulike nyttårsforsett. Eg har prøvd litt på dette eg og opp gjennom åra, men det har ALLTID endt i dass. No har eg (litt forsinka) bestemt meg for å prøva på nytt.

Året 2009 skal vera året då Ingvald Andre sluttar å nytta slumrefunksjonen på mobiltelefonen sin. Eg har desverre vorte ein ivrig brukar av denne funksjonen gjennom dei siste åra, men no skal eg altså prøva å slutta. Grunnen e enkel. Ka godt kan da føra med seg å søva 4*8 minutter lenger om morgonen? Eg pleie stort sett berre verta trøttare for kvar gong eg trykker på knappen. Jaja. Har du nokon nyttårsforsett?

Dagens bibelvers: Matt 4:4 - "Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn"

onsdag, desember 03, 2008

Offdå

Hei igjen ja. Lenge sia sist, men i dag las eg ein artikkel på nettet som gjorde meg lettare irritert. For dei av dykk som kjenner litt til min musikksmak, kjenner og til at eg tidlegare hadde veldig sansen for U2 sin musikk, sjølv om den har kjølna litt gjennom dei siste åra. Riktig nok har U2 interessa tatt seg litt opp att gjennom dei siste månadane, og difor var frustrasjonen i dag stor når eg såg at Nettavisen hadde kåra U2 sin verste cd. På ein eller anna merkelig måte så hevda dei at Rattle and Hum var fortjente denne "prisen". O hildrande du seier no berre eg. Spør du meg er faktisk dette ein av dei absolutt beste U2-cdane. Ein sang som Van Diemen's land er jo aldeles nydeleg, og Silver and Gold er også noko av det ypperste som U2 har bydd på gjennom sin karriere. Nettavisen, ta deke ei pera, for her har de tatt feil.

Skulle eg ha sagt kva for ein cd som U2 har gitt ut som er dårlegast, må eg nok smerteleg meddela at det er Zooropa. Sjølv om den absolutt har sin sjarm, er den jo direkte sær. Sjølv om "How to dismantle an atomic bomb" gjev han konkurranse er likevel Zooropa i ein særklasse i negativ forstand. Kva meiner du?

Kveldens bibelvers: Gal 2:21 - Eg vrakar ikkje Guds nåde. For er det rettferd å få ved lova, då døydde Kristus utan grunn.

mandag, april 21, 2008

Eit minne om fordums tid

Eg har i grunn ikkje so masse nytt å skriva. Framleis er eg i Tromsø. Her er det flott, men det snør. Litt kjipt å sjå at da e vår i sør, mens eg frys her i nord. Jaja.

Men på fredag fekk eg eit sjokk då eg åpna dagen. Andreas Johan hadde sendt meg ein melding om at eg måtte sjå eit bilete på s. 8. Eg lurte no felt på ka da va, og fann avise med ein gong. Til mitt store sjokk fann eg ut at me hadde vorte ein del av Dagen-Arkiv. På ein elle anna måte har dei klart å finna eit fleire år gammalt russebilete

søndag, april 13, 2008

Til ære for samen og jegeren i M3

No har eg hatt meg ein tur nordøve te lakselv. Har i grunn vore ein grådig flott oppleving. Eg e jo ikkje den personen som e mest frampå når da gjelde å verta kjent med nye folk, men da har godt overraskande bra!

Veka i Lakselv va flott. Me budde på Karalaks som ligg myllo Kar-a-sjokk og Lakselv. Leirplassen låg flott plassert i myllo snøkledde fjell. På formiddagane og om kvelden hadde me bibelskule på bedehuset i Lakselv. Eg hadde undervisning frå Paulus brev til Titus, noko som var ein særs nyttig erfaring.



Den einaste samen som eg såg i bunad.



Reinsdyr 


Staden der Menig Leine gjorde si plikt. Vonar det vekkjer gamle minner


Eit lite bilete av naturen i Finnmark